Fagseminar - Ringvirkninger av Nordøyvegen
1,16 milliardar kroner frå Møre og Romsdal fylkeskommune si investering i Nordøyvegen har gått inn i den lokale økonomien i byggeperioden. Det viser ei undersøking gjort av Concreto for fylkeskommunen.
- Sted: Ingebrigt Davik-huset, Brattvåg
- Tidspunkt: onsdag 17. august kl. 09.00 - 12.00
Gratis inngang og servering av enkel lunsj. Vel møtt!
Meld deg på her!
Tunnel, masseflytting, vegbygging og betongkonstruksjonar er ein marknad der lokale og nasjonale leverandørar har høg kompetanse, kapasitet og konkurranseevne. I tillegg har regionen eit komplett nærngsliv der entreprenørane enkelt får tak i kompetanse og tenester. Heile rapporten er tilgjengeleg her: Over ein milliard lokale kroner frå bygginga av Nordøyvegen (mrfylke.no)
Møre og Romsdal fylkeskommune og Haram nærings- og innovasjonsforum inviterer til fagseminar:
Korleis kan lokalt og regionalt næringsliv rigge seg for å være med på store utbyggingsprosjekt i framtida? Og kva utviklingsmoglegheiter kan fastlandssambandet gi? Nokre av svara kan ligge i evalueringa av lokale verknadar frå bygginga av det største fylkesvegprosjektet nokon sinne.
- Prosjektleiar Marianne Nærø i Møre og Romsdal fylkeskommune: Lokale og regionale ringverknadar frå bygginga av Nordøyvegen.
- Prosjektsjef Are Eliassen i Skanska AS: Korleis bør lokale og regionale aktørar rigge seg for å bli ein del av store bygg- og anleggsprosjekt? Erfaringar med lokalt næringsliv frå bygginga av Nordøyvegen.
- Dagleg leiar Tarjei Rødset i ACO anlegg AS: Oppretta arbeidsfellesskap saman med Busengdal AS og Opshaug sandtak AS for å vinne stor kontrakt på Nordøyvegen.
- Kraftmontasje AS: Kva har bygginga av Nordøyvegen betydd?
- Kjell Norvoll, Nogva motorfabrikk AS: Kva vil Nordøyvegen bety for næringslivet etter opning?