Fosnavågkonferansen - Sjå til Herøy!
22. juni 2023 | Thon Hotel Fosnavåg |
Fosnavågkonferansen skal i år handle mykje om næringslivet i Herøy. Vi ynskjer å få vist fram den store bredda i næringa med alt frå fiskeri og shipping til bedrifter som leverer framifrå teknologiske løysingar – og herunder all kompetansa som bedriftene innehar.
I tillegg blir det på hovudscena innlegg frå vår partnar Bourbon Offshore og spennande, aktuelt innhald frå våre to hovudsponsorar Sparebanken Møre og Sparebank 1 SMN.
Les mer og meld deg på her!
PROGRAM
10.30 – Registrering og mingling. Kaffen står klar!
11.00 – Programmet startar på hovudscena.
Velkomen til Herøy og Fosnavågkonferansen v/ordførar Bjørn Prytz i Herøy kommune. Introduksjon av styreleiar Svein Rune Smådal i vertskapet Herøy Næringsforum – kort om dagen og kvelden. Introduksjon av Bjørn Remøy, direktør i Bourbon Offshore, som saman med Smådal vil gå gjennom noko av redar-historia i Herøy. Vi får også vite bakgrunn for satsinga på Bourbon Horizon, og styreformann Cliff Gaetz vil fortelje oss kvifor satsinga i Fosnavåg er viktig for synergiane i bransjen.
12.15 – 12.55 – Lunsj: Variantar av focaccia og salatar.
13.00 – 14.00 – To innlegg på hovudscena:
Rente- og valutamarknaden. Kor står vi og kor går vegen vidare herfrå? Kristian Tafjord, seniorøkonom i Sparebanken Møre.
Global maktkamp, krig og inflasjon. Korleis påvirker det Noreg? Elisabeth Holvik, sjeføkonom i Sparebank 1 Gruppen og Stig Brautaset konserndirektør i Sparebank 1 SMN.
14.30 – 17.00 – Parallellsesjonar med mange spennande tema, sjå under for innhald og påmelding.
17.15 – Frå hovudscena får vi foredrag hjå eventyraren Cecilie Skog “Cecilies verden” – ho tek publikum ut av salen og inn i naturen med sin kjærleik til store naturopplevingar, og at alle kan setja seg mål og realisere draumar!
18.30 – Kveldsarrangement: båten Skreddaren tek oss over til øya Skotholmen kor det blir servert krabbesuppe og sjømatbuffé i hyggelege maritime omgjevnader. Pris inkluderar også aperitiff om bord Skreddaren, og kaffe + noe søtt etter middag. Sal av drikke.
22.00 – Retur til Thon Hotel Fosnavåg med Skreddaren.