Ope digitalt møte om parkering på Moa og i bysentrum

Ålesund kommune inviterer innbyggarane og pressa til eit ope møte på nett. Kommunen har starta ei parkeringsutgreiing for Ålesund sentrum og Moa. Utgreiinga skal kartlegge dagens parkeringstilbod og peike på moglege løysingar for framtida.

Tidspunkt er 16. september klokka 18.00 – 19.30

Arbeidet som no skal gjerast vil vere ein viktig del av kunnskapsgrunnlaget for ein framtidig parkeringsstrategi. I møtet vil Ålesund kommune orientere meir om utreiinga, og prosessen knytt til denne. Rådgivingselskapet Rambøll hjelper kommunen i utgreiingsarbeidet. Rambøll vil gi ein kort presentasjon av kartleggingsarbeidet som er gjort til no, og dele førebels  tankar om moglege løysningar for framtida. 

Som ein del av prosessen ynskjer kommunen flest mogleg innspel frå både innbyggarar, kultur- og næringslivsaktørar og andre som er opptatt av utfordringane knytt til parkering i bysentrum og på Moa. 

Ein del av det opne møtet vil derfor brukast til å samle inn innspel frå møtedeltakarane knytt parkering, både utfordringar og moglege løysningar.  

Kommunen vil og svare på spørsmål undervegs, så langt det lar seg gjere. Det vert og høve til å registrere skriftlege innspel og spørsmål i etterkant av møtet. Alle spørsmål og innspel vil svarast på,  i møtet eller etter at møtet er slutt. Ålesund kommune håper at mange vil delta i møtet,  som er opent for alle som ynskjer det. 

Møtet vert sendt på teams. Klikk på denne lenka om du vil vere med i møtet. 

Meir informasjon om korleis ein loggar seg på møtet, vil vere tilgjengeleg på kommunen sine nettsider og Facebook frå morgonen 16. september.