Brexit - kva har det å seie for den norske fiskeflåten?
31. januar 2020 forlot Storbritannia EU. Samtidig starta ei overgangsperiode der Storbritannia har blitt behandla som om landet framleis var med i EU og EØS. Det har derfor vore få praktiske endringar i Norge sitt forhold til Storbritannia. Denne overgangsperioden tok slutt 31. desember, og Storbritannia forlot dermed også EUs felles fiskeripolitikk.
Det har vore knytt stor spenning til ei endeleg brexit-avtale mellom Storbritannia og EU, og fiskerettigheiter har vore blant dei vanskelegaste punkta i forhandlingane. Først 24. desember kom partane til einigheit om avtalen som tråtte i kraft 1. januar i år. I den nye avtalen er det oppnådd einigheit om dei overordna prinsippa i samband med tilgang til fiskefarvatn. Kva vil så denne avtalen bety for den norske fiskeflåten? Vi tok ein prat med Odd Kristian Dahle, som er informasjonsleiar i havfiskeflåten sin organisasjon Fiskebåt.
Kva tankar har dykk i Fiskebåt rundt brexit-avtalen?
For den norske fiskeflåten er det gledeleg at det blei ein avtale mellom Storbritannia og EU.
Vi er ikkje ein part i skilsmisseoppgjeret, men brexit-avtalen gjer det mogleg for Norge å få på plass avtalar i eigne forhandlingar både med EU og Storbritannia.
Kva meiner dykk at bør gjerast for å få på plass ein avtale som ivaretar norske interesser på fiskeri?
Alle dei tre partane har interesse av at vi blir einige om avtalar, og desse forhandlingane har no starta. Norge ønskar å forhandle fram bilaterale avtalar med Storbritannia og EU, i tillegg til ein trilateral avtale mellom Norge, EU og Storbritannia. Det blir spesielt utfordrande å få på plass bilaterale avtalar om kvotebyte og sonetilgang.
Alle tre partane har gjensidig interesse av å fiske i kvarandre sine farvatn. Av omsyn til næringsaktørane håpar vi difor at vi raskt kan få på plass avtalar både med Storbritannia og EU.
Kva vil brexit ha å seie for fiskeflåten? Vil det bli tøffare kår?
Vårt utgangspunkt er at vi ikkje er ein part i brexit, og at vi må kome ut minst like godt som før brexit. Samtidig registrerer vi at fiskarar både i Storbritannia og EU gir uttrykk for at dei ikkje er fornøgde med brexit-avtalen. Vi registrerer også at Storbritannia har krevd gjenytingar frå andre kyststatar for å oppnå sonetilgang. Korleis dette vil virke inn på forhandlingane med Norge, er for tidleg å ha noko meining om.