Utvider fristen
Ålesund kommune har fått tildelt meir midlar som skal kunne avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak. Søknadsfristen er derfor utvida til 30. april 2021.
Ordninga skal også fungere som ei kommunal ventilordning, for å kompensere lokale verksemder som har falt heilt eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordningane.
«Vi fekk inn mange søknader i første runde og er glade for at vi har fått tildelt fleire midlar frå staten. No kan alle som ikkje fekk med seg fristen 6. april, søkje om stønad. Alle som allereie har søkt innan første fristen er fortsatt med i tildeling av midlar og treng ikkje å gjere noko!» seier næringssjef Inger Synnøve Remme
Dette er dei som kan søke
- Lokale verksemder innanfor reiselivs-, arrangements- og serveringsnæringane, og andre verksemder som av ulike grunnar fell heilt eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordningane.
- Lokale verksemder som har hatt kostnader eller tap som følgje av smittevernstiltak og nedstenging.
- Destinasjonsselskap og andre fellestiltak for reiseliv som på grunn av pandemien har stor omsetningssvikt.
- Verksemda må vere registrert i Brønnøysund og ha adresse i Ålesund kommune
Kommunen har betydeleg fridom til å tilpasse kva slags verksemder dei kan støtte avhengig av den lokale situasjonen. Søknad med nødvendige opplysningar og vedlegg skal sendast inn via www.regionalforvaltning.no
For spørsmål ta kontakt med:
Næringssjef, Inger Synnøve Remme
Mob.: 994 24 139
E-post: inger.synnove.remme@alesund.kommune.no