Ukens medlemsbedrift: Oclin
Oclin er et kreativt produksjonsselskap som leverer innhold til alle plattformer. Ta oss med allerede fra idéfasen, enten det er filmproduksjon, streamingproduksjon, GIF eller en kombinasjon av alt. Gi oss en utfordring!
Oclin er eit produksjonsselskap som leverer film og strøymetenester i Norge og utlandet. Suksessfaktoren er at vi er med i heile prosessen frå planlegging til gjennomføring og levering. Målet er alltid å bli så godt kjend med kundane våre at vi skulle ønske vi hadde deira jobb. Arbeidet tilpassar vi alle typar plattformer som nettsider, sosiale medier, kinosalar, fjernsynsstover, gondolar, ferjer eller andre stader du treng å vise innhaldet ditt.
I tillegg til film og strøyming utviklar vi tekniske løysingar etter kva behov som dukkar opp i produksjonane. Ta kontakt så tenker vi høgt saman kva Oclin kan produsere og utvikle for deg!
Vi har produsert på Sunnmøre, Oslo, Sarpsborg, Bergen, Arendal, Tromsø, Nordkapp, Svalbard, Sverige, Danmark, Belgia, Frankrike, USA, Australia, Kina, Brasil og fleire stadar i verda. Vi er klare for nye stadar og historier. Hovudkontoret er lokalisert i Volda, men vi har eit distriktskontor på Karl Johan i Oslo.
Vi har tilsette frå Volda, Bergen, Giske, Skjåk, og frilansarar landet rundt!