Julelunsj i Kompetanseparken
Haram Næring og Innovasjonsforum inviterer til julelunsj med fagleg påfyll. Vi samlast i konferansesalen på Kompetanseparken får servert juletapas frå Fjordhotellet.
Etter lunsjen blir det litt hjerneføde til kaffien. Vi får høyre om korleis det går med næringslivet i regionen vår via det rykande ferske Konjunkturbarometeret, presentert av Arild Eiken v. Sparebank 1 SMN. Vidare vil Håvar Risnes frå ÅKP fortelje om deira industrielle oppskaleringsprogram for bedrifter som ynskjer vidare vekst; kanskje er dette noko for nettopp di bedrift?
NB: Her er det ei avgrensa mengd plassar, så ikkje vent for lenge med å melde deg på!
Program:
11:00-11:45 Lunsj: juletapas frå Fjordhotellet
11:45-12:00 Nytt frå HNI
12:00-12:30 Konjunkturbarometeret 2021 – korleis står det til med næringslivet vårt? v. Arild Eiken, Sparebank 1 SMN
12:30-13:00 Scale-up: Norges einaste industrielle oppskaleringsprogram, v. Håvar Risnes, ÅKP
Tid: Onsdag 8. desember 2021 kl. 11:00-13:00
Sted: Konferansesalen i Haram Kompetansepark
Påmeldingsfrist: 2. desember
Pris: HNI/NÅ-medlemmer: Gratis / øvrige: 400,-